Høyring i namnesak frå Kartverket – vedkjem stadnamn og vegadresser

Illustrasjonsfoto adresseprosjekt JWL.jpg - Klikk for stort bilete I samband med adressering i Selje kommune har Kartverket reist namnesak for nokre stadnamn for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. Etter forskrift om stadnamn § 8 siste ledd er det i tillegg til primærnamnet reist sak på avleidde namneformer.

Selje kommunestyre har vedteke:

  • Flatraket:  Vegparsell 4615 frå fylkesveg til krysset (Ødegård) der vegen Fosselida startar skal ha namnet Oresetervegen.
  • Flatraket: Vegparsell 4605 – Området aust for skulen skal ha namnet Lillejordvegen.

Les vedtaket her

Kartverket har reist namnesak for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk for desse vegparsellane.  Høyringsbrevet og dei ulike namneformene finn du her
 

Fløde: Kartverket tek og med gardsnamnet Fløde med avleiingar. Det er fyrst og fremst fordi dei vil få formalisert det avleidde namnet Flødehornet, og avklara namnebruken for nokre avleidde namn. Skrivemåten av sjølve gardsnamnet Fløde oppfattar dei som uomstride, og dei ynskjer ikkje å forseinka adresseringsarbeidet på staden. Vi kan difor adressere ferdig adresseparsellen Fløde utan at det vert nokon serleg risiko for namneendring der seinare.

Selje kommune har ansvaret for å kunngjere at namnesaka er reist, t.d. ved notis i lokalavis og på nettsidene sine. Kommunen har òg ansvaret for å innhente og samordne dei lokale høyringssvara. Dei skal sendast til Stadnamntenesta i Språkrådet.

Vi ynskjer at eigarar og lokale organisasjonar uttaler seg om gardsnamn og bruksnamn som dei har særleg tilknyting til. Det er elles ope for alle som måtte ha interresse og kunnskap om områda til å komme med tilbakemelding .

Høyringsfristen vert sett til 15. november 2019.
Høyringsuttaler kan sendast  til post@selje.kommune.no , eller sendast pr. brev til Selje kommune, Kommunehuset, 6740 Selje

 

Sist endra 18.10.2019
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering