I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla om oppstart.
Det er Selje kommune som melder om oppstart for arbeid med detaljregulering for Leikanger sentrum og planen skal utarbeidast i samarbeid med Nordplan.
Bilete viser planavgrensing for detaljregulering for Leikanger sentrum.
Ny sentrumsplan for Leikanger vil avløyse fylgjande reguleringsplanar;
01/74 - Aust for kyrkja
03/76 – Ved kyrkja
02/79 – Del av reg.plan 01/74, endring
05/76 – Leikanger sentrum
Reguleringsplan for Leikanger sentrum, vedteken i 2003
Detaljregulering for Leikanger sentrum er ei oppfylgjing av kommuneplanen sin arealdel 2017-2029 og planarbeidet skal bygge på stadanalyse for Leikanger og innspel frå folkemøte 18.03.2019. Det skal leggast opp til ein planprosess der berørte partar får høve til å medverke, før det vert fatta endelig vedtak om arealbruken i området.
Planarbeidet skal gjennomførast i samsvar med Plan og bygningslovens kapittel 12 og som detaljregulering i medhald av pbl. §12-3. Grunneigarar, naboar og aktørar i området blir varsla direkte.
Frist for innspel til oppstartsvarselet er satt til 01.06.2019
Merknader og innspel til planarbeidet må sendast til post@selje.kommune.no eller til Selje kommune, 6740 Selje. Merk innspelet med; 19/251 - Innspel til varsel om oppstart for detaljregulering for Leikanger sentrum.
Har du spørsmål til planarbeidet, kan du ta kontakt med Hanne Marie Utvær v/Plan og utviklingsavdelinga eller Rådmann Kristine Dahl.
//
Gry Otneim Leikanger
sakshandsamar