Æra med Kulturprisen og Idrettsprisen

Kultur- og idrettsprisen 2017, Unni Bosnes Eltvik og Adrian Mortensen.jpg - Klikk for stort bilete Unni Bosnes Eltvik fekk Selje kommune sin Kulturpris og Adrian Mortensen fekk Selje kommune sin Idrettspris for 2017. Dei vart begge heidra med pris etter mange års frivillig innsats innanfor kultur og idrett i Selje. Prisane blei delt ut etter årets siste kommunestyremøte 14. desember.

Under middagen var det også underhaldning og dei som har jobba høvesvis 25 år og 30 år i Selje kommune fekk også heider.

Til stades var Anita Otneim Hoddevik, Ragnhild Sande, Gunn Løkkebø og Anne Lise Drage - som har jobba i kommunen i over 25 år. Av dei som har jobba i over 30 år i Selje kommune, var Eva Drage, Unni Eltvik Hovden, John Eltvik og Sissel Hafredal Sjåstad.  

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 18.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering