Årets TV-aksjon - 20.oktober

       - Klikk for stort bilete Årets TV - aksjon går til forskning på demens, informasjon og opplæring om demens og frivillig arbeid for personer med demens. Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane håpar nok ein gong på rekordstor gjevarglede i fylket.

Aksjonsdagen er søndag 20. oktober.

                                                Det er ingen tid å miste!

       - Klikk for stort bilete Over 70 000 menneske i Norge har demens. 10 000 får sjukdommen kvart år, og talet vert dobla i løpet av dei siste tiåra. Sjukdommen går til angrep på hjernecellene og råkar funksjonar som språk, hukommelse og orienteringsevne. Minst 300 000 personar er pårørande til ein demenssjuk. Diverre opplever over 60 prosent at familie og vener trekkjer seg unna.

 

Årets kommunekomite:

Ottar Nygård - leiar

Liss Solheim - Flatraket, Rundereim, Barmen

Gunn Sande - Stadlandet

Gunn Helgesen - Moldefjorden og Kjøde

Gunnar Silden - Selje 

 

Dei innsamla pengane skal nyttast til ei rekke tiltak, mellom anna til å:

  • lære opp frivillege til å bli aktivitetsvener
  • styrke arbeidet med møteplassar og aktivitetar for personar med demens og pårørande
  • auke kunnskapen om demens i samfunnet slik at dei med sjukdomen vert møtt med aksept og forståing
  • etablere eit langsiktig forskningsprogram. Forstå årsak til demenssjukdomar, korleis ein kan førebyggje, bidra til å utvikle betre behandling.

 

Aksjonsdagen er søndag 20. oktober.

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 17.10.2013
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering