Arrangerer workshop om grøn næringsutvikling

grønn næringsutvikling.PNG - Klikk for stort bilete Nordfjordrådet ønskjer å vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling, og inviterer derfor til workshop. Grøn Næringsutvikling går av stabelen tysdag 23. januar på Nordfjord Hotell. Påmelding innan18. januar.

Sjå programmet for Grøn Næringsutvikling (PDF, 551 kB)

 

Nordfjordrådet har definert i sin strategi- og handlingsplan at ein saman med verkemiddelapparatet og eventuelle andre nøkkelpersonar skal vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling ved å legge til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommune, FoU-miljø og bedrifter.
I næringslivet er der fleire «grøne» initiativ som spenn frå transport, energieffektive bygg, fornybar energi, sirkulær økonomi og smartare produksjon.
Korleis kan kommunane vere ein pådrivar i denne utviklinga er nøkkelspørsmålet som ein no svar på.
Ein inviterer derfor bedrifter, politikarar, kommuneadministrasjon og andre som har interesse i å få til ei grøn næringsutvikling i regionen, til ein-dag workshop med inspirasjon og høve til å medverke til å få i gang nye initiativ.

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 18.01.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering