Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Årsbudsjett og økonomiplan på offentleg ettersyn


Årsbudsjett 2018 – økonomiplan 2018-2021 og Gebyr- og betalingssatsar 2018 for Selje kommune, vedteke i formannskapet 23.11.17 er no lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 30.11.2017 – 14.12.2017, etter Kommunelova §44,7 og § 45,3. 

Dokumenta kan lesast i papirformat på Servicekontoret og Biblioteket.

Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret 14.12.17.

Årsbudsjett 2018 - økonomiplan 2018-2021

Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2018 - økonomiplan 2018-2021 (PDF, 777 kB), med følgjande endringar:

Rådmannen  sitt framlegg til driftsbudsjett og økonomiplan (punkt 1 og 2) med følgjande endringar: 

a. Endrar ikkje praksis ved Flatraket Eldretun. Kommunestyret ber administrasjonen om utgreiing til 1. tertialrapportering om opplegg ved endra drift.
b. Opprettheld ordninga med gatelys.
c. Oppretter ordning med kulturmidlar på 100.000 kr i 2018.
d. Sum punkt b-c vert dekt inn ved bruk av disposisjonsfondet. Punkt c vert dekt inn ved reduksjon av Politikk og administrasjon på 100.000.
e. For 2019-2021 vert punkt b og c finansiert ved effektivisering av administrasjonen i samband med samanslåing av kommunane.

3. Rådmann får fullmakt til å fordele avsette midlar for lønsauke på rammeområda for 2018-2021 i samsvar med resultat avforhandlingane, jf pkt 19a og 19b i tabell 1  kap 8.2 i budsjetthefte.

4. Kommunal eigendel på kr 794.000,- ved utbygging av breiband i Selje kommune vert dekt av kommunen sitt disposisjonsfond. Dette gjeld KS 75/16 og FS 80/17.

5. og 6. Investeringar for 2018 -2021 vert vedteke i samsvar med vedlegg, datert 23.11.17 (fellesframlegg frå Krf, Ap og Tvp). Endringsframlegg investering frå KrF, Ap og Tvp, 23.11.17 (PDF, 331 kB)

7. Det vert godkjent låneopptak for 2018 på kr 67.871.000,-

8. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne og ta opp lån for finansiering av investeringar innafor vedteken ramme.

9. Rådmann får fullmakt til å overføre ubrukte budsjettmidlar inkl finansiering i pågåande investeringsprosjekt til neste år, slik at dette vil inngå i samla investeringsbudsjett for 2018.

10. Selje kommune vedtek å vidareføre eigendomsskatt med heimel i lov om eigedomsskatt § 2, for skatteåret 2018.

11. I medhald av eigedomsskattelova § 3, skal følgjande utskrivningsalternativ nyttast for skatteåret 2018: G , faste eigedomar i heile kommunen, unntatt verk og bruk og anna næringseigedom. Til kommunen blir også rekna sjøområde ut til grunnlinja.

12. Eigedomsskattesatsen for 2018 vert vedteke sett til 4,0 promille, som i 2017. For 2019 vert den redusert til 3,5 promille og 3 promille i 2020.

13. Eigedomsskatten skal betalast i to terminar i 2018.

14. Vedlikehald bygg investering: Summen av vedlikehald bygg skal innehalde utgreiing og rehabilitering av svømmeanlegg på Selje skule. 

Sak 101/17 Årsbudsjett 2018 - økonomiplan 2018-2021 (PDF, 438 kB)

Årsbudsjett 2018 - Økonomiplan 2018-2021 - budsjetthefte versjon 16.11.2017 (PDF, 777 kB)

Årsbudsjett 2018 - tidlegare handsaming av saka i råd og utval (PDF, 265 kB)


Resterande vedlegg til saka kan ein finne under Møter.

 

 Gebyr og betalingssatsar 2018

1. Kommunestyret vedtek «Gebyr og betalingsatsar 2018» (PDF, 3 MB) slik som det går fram av vedlagt hefte.

2. Renovasjonsgebyr for 2018 (PDF, 739 kB)vert vedteke i samsvar med vedlagt styrevedtak 25/17 frå Nomil.

3. Slamgebyr for 2018 (PDF, 525 kB) vert vedteke i samsvar med vedlagt styrevedtak 30/17 frå Nomil.

4. Rådmannen får fullmakt til å føre inn statleg fastsette gebyr og betalingsatsar når desse ligg føre.

Sak 099/17 Gebyr og betalingssatsar 2018 (PDF, 392 kB)

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 08.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering