Turtips
   
Kategorien Opplev Selje

Selje kommune ligg på  kysten av Nordfjord i Sogn og Fjordane, og grensar til Møre og Romsdal i nord.  Selje har dagleg ekspressbåtsamband med Bergen. Næraste flyplassar er Florø, Vigra (Ålesund) og Sandane. Det er korrespondanse fleire gonger daglig med ekspressbussar til Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo.

Kommunen ligg som ein knyttneve ut mot det barske Stadhavet. Her møtes hav og himmel i all slags vær.  Du finn lune viker, kritkvite sandstrender og idylliske øyer. Selje har eit eigenarta kulturlandskap, eit flott turterreng og fantastiske surfemoglegheiter. Du vil finne eit variert næringsliv, gode og trygge bumiljø, eit rikt kulturliv og unike verdiar innan natur og kulturminne. Kom og opplev Selje!

Blomar i klosteret

Helgenstad, bispesete og kloster.

Den eldste kyrkjestaden i Noreg ligg på øya Selja ytst i Nordfjord, med Stadhalvøya, Dragseidet og storhavet som næraste nabo. Her finn du staden der Olav Tryggvason steig i land og let byggje den første kyrkja i Noreg for meir enn tusen år sidan og der Sankta Sunniva vart den første helgenen. Denne hendinga la grunnlaget for det eldste pilegrimsmålet i Noreg og for bygginga av Selje kloster og helgenanlegg, som er det nest største i landet vårt . Her vert det feira Seljumannamesse 8. juli kvart år til minne om dei irske munkane, heilagmennene, som gjekk i land på Kinn og på Selja.

 

På Sverdeggja 1

Dragseidet er det vestlegaste av tre "eide" over Stadhalvøya. Namnet kjem truleg av at sjøfarande frå uminnelege tider drog båtane over eidet når det ikkje var vertilhøve for kryssing av Stadhavet.

Dragseidet er også godt kjend frå soga som fortel at Olav Tryggvasson i 997 kalla leirarane frå fire fylke til tings her for å få dei til å ta mot den nye trua. På høgaste punktet på eidet står ein bauta på "Kongshaugen". Lenger nord vart det i 1913 reist ein steinkross til minne om kristningsarbeidet i 997 der bondeleiarane etter soga fekk valet mellom dåpen og kristentrua.

 

Tunnelkonsert 1

Inni ei vik ytst på Stadlandet som strekkjer seg som ein knyttneve ut i storhavet, finn du bygda Ervik. Bygda er lita, men rommer mykje, både av historie og aktivitetar i notida. Her finn du ei flott sandstrand, ei av dei beste surfestrendene i Noreg. Tett attmed stranda finn vi den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943, der ervikarane risikerte livet for å redde passasjerane etter at båten vart angripen og senka av allierte jagarfly.Her i Ervik finn du og den dramatiske krigshistoria med festningsanlegg i Hovden og minnekapell over russarar og ukrainarar som døydde i den tyske fangeleiren.

 

Verradar

496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp - Noregs vestlegaste fjellplatå. Her opplever du ei panoramautsikt uten like. Havørnene sirklar over deg og det frodige kystlandskapet byr seg fram for deg med Sunnmørsalpane i nord og med Ålfotbreen og Hornelen i Sør.

Det er sjølvsagt ikkje alltid like idyllisk på Vestkapp for brått så kan vèret snu tvert om og naturen viser musklar gjennom kraftige vindar og dundrande bølgjer langt der nede i strandsona. Men like fort lettar vèret og vi ser knøttsmå båtar i det fjerne som nok ein gong tør seg rundt dette frykta fjellplatået.

Hoddevik

Hoddevik er i dag mest kjend for ei halvannen kilometer lang sandstrand som blir rekna for å vere ein av Noregs beste surfepots. Faktisk vil mange sei at den er ein av verdas beste! I Hoddevik er det heilårsaktivitet når det gjeld surfing. Stad Surfing og Lapoint Surfeskule driv aktivt med surfing heile året, og der finst overnattingsstadar der både nybyrjarar og erfarne surfarar kan møtast før dei legg ut i bølgjene.

Årdalen 2

Garden Aardal vart fraflytta så seint som i 1957 og den ligg veglaus til med utsikt mot klosterøya Selja. Garden Aardal er det vi kan kalle eit typisk vestnorsk gardstun, med historie langt attende i tid. Det som gjer at tunet er så spesielt i dag er at det ikkje har vore maskinell drift i det heile og bygningsmiljø og kulturlandskap er difor svært autentisk.

Barmen

Barmen er eit eksotisk og levande øysamfunn som er tilgjengeleg med ferje. Her finn du gjestfrie og kreative innbyggjarar og bokstaveleg tala hav av moglegheiter på alle kantar. Her er det bygdekino, bygdelag og sjølvsagt organisert hjortejakt. Fiske er og populært på Barmen, spesielt ferskvassfiske i små vatn på øya.

Furestranda i april 06

Indre Fure er eit idyllisk gardstun, med ei historie attende til 1300 talet, og er eit av dei siste klyngetuna her i landet. Vegen kom dit først i 1966. Furestaven ytterst på Ytre Fure er ein av dei to plassane i Selje kommune der ein har funnet kleberstein. Her finst merke frå gamalt av etteruttak til steingryter.

   
TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Marit Refvik
Livet i fjøra
Marit Refvik
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering