Publisert 21.06.2010
Klosterutstillinga

 Eit teikn på at sommaren og turistsesongen står for døra, er at no opnar utstillinga om Selje kloster og Sankta Sunniva igjen. Utstillinga vert opa kvardagar frå 12-16 og startar måndag 21. juni. Arkitektar er Anne Aspen og Alf Tore Hommedal frå Bryggens Museum.

Klosterutstillinga inneheld ei kronologisk framstilling av historia om klosteret og helgenanlegget. Ho vert presentert meir som ei faktautstilling enne gjenstandsutstilling, sjølv om det og finst nokre intressante ting frå klosteret der. Lasse Føde har og omarbeidd bildepresentasjonane om kven som har Sankta Sunniva som inspirasjonskjelde i kunsten sin.

Litt seinare kjem ei spennande fotoutstilling om pilegrimsvandring. Følg med!

Publisert 04.06.2010
Freya

Du trudde kanskje at radar på Kjerringa var noko nytt? På slutten av siste verdskrigen var Kjerringa eit svært viktig strategisk punkt for det tyske Luftwaffe, med fleire radaranlegg, radiosamband med fly, radiolinjeutstyr for telefoni og fjernskriver og jagerkontrollsenter!

 

Publisert 27.05.2010
Sunnivahola

Sunnivaleia er ei nyoppretta pilegrimslei frå Kinn til Selja. Begge desse øyane er sentrale i legendene om Sunniva, og det er naturleg å knyta dei saman med ei pilegrimslei. Leia går over sjø og land. Strekningar over sjøen skal føregå med offentleg kommunikasjon, rutebåt og ferje. Ein går heile leia på ei lita veke.
I veka før Seljumannamessa på Selja 4. juli i år, vert det arrangert ei prøvevandring langs leia, med start i Florø måndag 28. juni kl 15. Overnattingar på Kinn, Smørhamn, Dalheim på Bremangerlandet, Ulvesund fyr, Fjordly på Bryggja, Selje.

Publisert 09.04.2010

Utstillinga har utgangspunkt i at Munkeliv kloster på Klosteret (Nordnes) vart oppretta ca. 1100, altså for 900 år sidan, som det første av i alt fem kloster i mellomalderbyen Bergen. Utstillinga vektleggjer Munkeliv kloster spesielt og klosterlivet i mellomalderbyen Bergen generelt. Kvar låg klosteranlegga og kor markerte var dei i bybiletet? Korleis fungerte anlegga og prega livet til bergensarane i mellomalderen? Og kva klosterliv har dagens Bergen? Klosteret på Selja hadde handelshus i Bergen og har fått ein plass i utstillinga.

Velkommen inn i vårt claustrum i overgangen mellom ny og gammal tid! 

Les meir på bymuseet.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering