Kommunal vigsel

Mange ønskjer å gifte seg borgarleg, og frå 01.01.2018 er det kommunane som har ansvaret for å gjennomføre borgarlege vigslar. Fast seremonirom er på Selje Rådhus, men vi er fleksible på andre stader for vigsel. Godkjende vigslarar er ordførar Stein Robert Osdal, varaordførar Jan Vidar Smenes, rådmann Kristine Dahl, kommunalsjef Kristin Otneim Aarsnes og kommunalsjef Ragna Haaland.

Kven kan gifte seg i Selje:
Alle kan gifte seg i Selje kommune som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. Ekteskapslova kap. 1-3

Prøvingsattest:
For å inngå ekteskap i Noreg, må ein først vurdere om vilkåra i ekteskapslova er oppfylt. Det er den regionale skatteetaten (folkeregisteret) som kontrollerer at ekteskapsvilkåra er oppfylt.

Det er ein del papir som skal sendast til Skatteetaten.

    • Eigenerklæring
    • Forlovarerklæring
    • Erklæring om skifte, om du har vore gift tidlegare
    • Melding om endring av namn, om du skal bytte namn

Skjema finn du her.

Når Skatteetaten har kontrollert at vilkåra for ekteskap er oppfylt, skriv etaten ut ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten er gyldig i 4 månader frå den er utferda. Sakshandsamingstida hos skatteetaten er 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Her er Kontaktinformasjon til Skatt vest Nordfjordeid.

Bestilling av tid for vigsel:
Når de har fått prøvingsattesten, tek de kontakt med Selje kommune for å bestille vigsel. Ta kontakt ved å sende inn skjema for borgarleg vigsel (PDF, 331 kB) til e-post post@selje.kommune.no eller ved å ringe kommunen sitt sentralbord +47 57 85 85 00.

Kommunen vil ta stilling til moglegheita for gjennomføring etter brudeparet sine ønskjer.

De må ha gyldig legitimasjon for å bestille vigsel med kommunen, og den originale prøvingsattesten frå skatteetaten må leverast inn/leggast ved.

Kor raskt kan vi gifte oss etter å ha levert original prøvingsattest:
Vigselen må bestillast 14 dagar før aktuell vigselsdato, men i særskilte tilfelle kan de gifte dykk tre dagar etter at kommunen har motteke prøvingsattesten. Ta kontakt med kommunen og gjer avtale.

På kva dagar kan vi gifte oss?
Selje kommune har i utgangspunktet fast tidspunkt for vigsler på fredagar i tida kl. 10:00 – 15:00. De kan gjerne komme med ønskje om andre dagar, men det må vurderast av den som skal vigsle om det er mogleg å gjennomføre. Vigsel utanom rådhuset si opningstid og andre stader enn på kommunen sine seremonirom vil kunne medføre kostnader for dykk.

Kommunale seremonirom:
I Selje har vi to kommunale seremonirom for vigsel – Kommunestyresalen i 2.etasje eller Møterom Lite i 3.etasje på rådhuset. Møterom Lite har plass til inntil 10 personar inkl. brudepar.
Seremonirommet er enkelt pynta med kvit duk, levande lys og litt blomster. Øvrige rammer for vigselen utanom dette - som pynt, dekorasjonar, musikk osb. - må brudeparet sjølv sørge for.

Kan ein ha vigselseremoni andre stader?
Det er fullt mogleg å gjere avtale om vigsel andre stader i kommunen, men det må avtalast i god tid med kommunen og vigslaren.

Kva kostar det å gifte seg?
Det er gratis å gifte seg i Selje Rådhus i den ordinære opningstida. Ønskjer de å gifte dykk på andre tidspunkt eller andre stader, kan dette medføre ein kostnad for dykk på kr 1.000,-. Kostnaden skal dekke ekstra lønsutlegg til vigslar og eventuelle reisekostnader.

Kjønnsnøytral ekteskapslov:
1. januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette betyr at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

Frammøte:
Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Seinast 1/2 time før. Paret må legge fram original prøvingsattest og legitimasjon før seremonien startar.

Vitne:
Det må vere med to vitner under seremonien. Dette kan vere forloverane eller to andre myndige personar. I unntakstilfelle kan Selje kommune stille med vitner. Dette må avtalast på førehand.

Språk:
Vigselen kan haldast på norsk eller engelsk. Dersom de ikkje forstår norsk eller engelsk, må de sjølve ta med kvalifisert tolk. De må melde frå på førehand dersom de ynskjer at vigselen skal haldast på engelsk.

Seremonien:
Sjølve seremonien tek ca. 10 minutt. Under seremonien blir Det borgerlige vigselformularet lest opp. Deretter blir paret spurt om dei vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar paret, vitna og vigslaren vigselsprotokollen. Paret får etter dette ein mellombels vigselattest som også blir sendt til Folkeregisteret innan 3 dagar. Endelig vigselattest blir ettersendt frå Folkeregisteret.

Ringar:
Det er høve til å setje på ringar under seremonien. Dette må de helst gje melding om på førehand.

Kunstnarleg innslag:
Det er høve til å ha kunstnarleg innslag som dikt eller musikk som ein del av seremonien. Dette må gjevast melding om på førehand og organiserast av paret sjølv.

Fotografering:
Det er høve til å ta bilete både før, under og etter seremonien. Paret avgjer her.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering