Kaier og flytebryggjer

I kommunen er det både kommunale og private kaianlegg. Dei fleste anlegga har gjesteplassar. Der er gjesteplassar på Barmen (911 89343), Selje,(Holmavika) Stadlandet (Leikanger). Dei som ynskjer å legge til ved private kaier, må sjølv ta kontakt med eigaren.
Turistinformasjonen i Selje administrerer dei kommunale flytebryggjene

Kaiavgift ved kommunale flytebrygger :
Satsar vart er vedtekne av kommunestyret og er som fylgjer:

Båtar < 10m, alle typer:                                            kr. 150,-  pr. døgn

Båter > 10m, alle typer:                                            kr. 200,-  pr. døgn

 Merknad:
Utanom turistsesongen, i tida 15.08.-15.06., er det for båtar inntil 10 m høve til å  inngå særavtale om evt. langtidsligge i kommunal gjestehamn. Slik avtale  kan inngåast og skal godkjennast av tenesteleiar for kommunalteknikk, og  leggast fram for fagutvalet som referatsak.

Føresetnaden for langtidsligge er at dette elles ikkje skapar noko problem for ordinær bruk av bryggene. Atterhald om dette skal inntakast i evt. avtale.

 I tidsrommet 1.10.-1.04. skal det vere generell avstenging av straum- og vassuttak for andre enn dei som har inngått særskilt avtale (td. avtale om langtidsligge).

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 02.05.2017
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering