Koordinerande eining (KE)

Brukarar i Selje kommune med behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til individuell plan (IP). Personleg koordinator vert oppnemnt av KE, og denne har hovudansvar for å koordinere dei aktuelle tenestene. KE har delegert mynde til oppnemning av koordinator jf. Lov om kommunale helse-og omsorgstjenester, kap 7. § 7.1, § 7.2 og § 7.3

KE skal:

  • vere ei fellesadresse for brukarar og samarbeidspartar for søknad om koordinator og IP
  • utnemne personlege koordinatorar
  • sikre opplæring om koordinatorrolla og skriving av IP, samt opplæring i bruk av Sampro (digital samhandlingsplattform)
  • ha oversikt over individuelle planar og koordinatorar i Selje kommune

Koordinerande eining sakshandsamar søknadar om IP og koordinatorar. Søknadane skal vere skriftlege, og du finn søknadsskjema som ei lenke til denne teksten. Koordinerande eining har primært oppgåver på systemnivå.

Klikk på denne lenka for pålogging til Sampro

Søknad om koordinator og individuell plan (IP) (DOCX, 34 kB)

Svarskjema for brukarar som ikkje ynskjer koordinator eller individuell plan (DOCX, 32 kB)

Sist endra 21.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering