Tilskot - landbruk

Gardfjøs - Klikk for stort bilete

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Føremålet med SMIL er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og samtidig redusere ureiningane frå jordbruket.

Det kan gjevast tilskot til to typar prosjekt/tiltak; planleggings- og tilretteleggingsprosjekt og kulturlandskaps- og ureinsingstiltak.

Tilskot kan gjevast til føretak eller eigarar av ein landbrukseigedom som søkjer produksjonstilskot  eller fyller krava til å søkje.

Det skal søkjast på eige søknadsskjema. Det er kommunen som handsamar og avgjer søknader, og kommunen prioriterer tiltaka ut i frå lokale mål og strategiar.

Eksempel på tiltak innan kulturlandskap kan være å ta vare på det biologiske mangfaldet, gamal kulturmark, kulturminne og kulturmiljø. Vidare kan aktuelle tiltak være tilretteleggjing for auka tilkomst og opplevingar i landskapet.

Eksempel på tiltak som reduserer ureining kan være utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg, miljøplantingar, økologiske reinsetiltak, omlegging til meir miljøvenleg og ekstensiv drift på spesielt erosjonsutsette areal og særskilde bygningsmessige miljøtiltak.

Sist endra 18.04.2018

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering