Tilskot til avløysing

Avløysartilskot til ferie og fritid. Kuer - Sverre.jpg - Klikk for stort bilete Sverre Leikanger

Skal dekke faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjerdsle til avløysar.
Sjå reglane for avløysartilskot her.

Tilskot til avløysing ved sjukdom m.m.

Tilskot ved sjukdom for bønder med husdyr m.m.
Søknad må vere komen inn til kommunen 3 mnd etter siste avløyste dag. 
For meir informasjon om ordninga, inkludert søknadsskjema finn du her.

Tidlegpensjon for bønder

For å motta tidlegpensjon må brukar ha fylt 62 år. For å få tobrukarpensjon må ektefelle/sambuar ha fylt 57 år. Korkje brukar eller ektefelle/sambuar kan eige landbrukseigedom når ein av dei eller begge går over på tidlegpensjon. Brukar og eventuell ektefelle/sambuar kan vidare ikkje ha næringsinntekt frå jordbruk/gartneri eller skogbruk, ytingar frå folketrygda eller AFP-pensjon samtidig som det ytast tidlegpensjon.
Det er fleire krav til inntekt og inntektssamansetning for å få tidlegpensjon.
Meir informasjon, inkludert søknadsskjema LDIR-108, finn du på www.landbruksdirektoratet.no  eller du kan ta kontakt med landbruksavdelinga hjå Selje kommune som har kompetanse på desse ordningane.

Sist endra 19.04.2018

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering