Korleis søkje kommunalt næringsfond



Alle søknadar på kommunalt næringsfond må sendast elektronisk gjennom regionalforvaltning.no.
Søknadsfristar for 2019 er 1.april og 1.oktober. 
 

Søknaden må innehalde følgjande:

Om tiltaket:
- Ide/prosjekt/gjennomføring
- Marknadsvurdering
- Arbeidsplassar
- Framtidig utvikling

Økonomi:
- Investeringsoversikt
- Finansieringsplan
- Driftsbudsjett/lividitetsbudsjett

Om søkaren:
- Bakgrunn/kompetanse
- Referansar/ressurspersonar
- Andre ressursar

Det skal gå klart fram i søknaden kva tilskotet er tenkt til.
Som hovudregel bør ikkje prosjektet være starta før søknad
og ei eventuell løyving skal ha utløysande effekt.

 

kva er kommunalt næringsfond.PNG

Rettleiing på å innsending av søknad:

1. Gå inn på nettsida "www.regionalforvaltning.no"

2. Trykk på "Registrering". Lag et brukarnavn og et passord

3. Trykk på "Ny søknad"

4. Vel fylke "Sogn og Fjordane"

5. Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond Selje, Vågsøy og Eid"

6. Skriv inn en beskrivande "Søknadstittel"

7. Trykk på "Opprett ny søknad"

8. Fyll inn tekst i alle felta. Husk å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gang.

9. Ikkje gløym å laste opp relevante vedlegg om bedrift/prosjekt. Disse må du ha gjort klart på førehand. Eksempel: Regnskap, investeringsbudsjett, forretningsplan, markedsanalyse, konsept, design.

10. Husk å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden

Sist endra 02.09.2019

Relaterte ressursar

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering