MOT

MOT.jpg - Klikk for stort bilete Selje er ei MOT-kommune. Vi gjennomfører MOT sitt program «Robust ungdom». Dette består av 12 MOT-økter der målet er å utvikle robust ungdom, som inkluderer alle. 

MOT-øktene har varierande tema, men MOT sine verdiar er ein raud tråd gjennom heile programmet:

  • MOT til å leve
  • MOT til å bry seg
  • MOT til å seie nei

Programmet blir gjennomført av spesielt rekrutterte vaksne, som er gode på å nå inn til ungdom. I Selje er dette Maria Helgesen og Tor Ivar Østreng. MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom. Gjennom ung til ung-formidling, øvingar, historier, dialog og rollespel styrkar MOT ungdoillustrasjon gruppe.jpg - Klikk for stort bilete m si bevissthet og ungdom sitt mot.

Ung MOTivator er utvalde ungdommar frå 9. klasse, som skal vere ein rollemodell og godt førebilete for andre, skal gjere det enklare for dei rundt seg å leve, bry seg og seie nei, og bidra til å styrke oppvekstmiljøet i positiv retning. Ung MOTivator blir skulert gjennom eit to dagars kurs.

Dei har fleire roller og oppgåver:

  • dreg ut til 7.klassene på barneskulen som høyrer til ungdomsskulen og gjennomfører tre skulebesøk for å hjelpe til med å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskule enklare for dei som skal ta til på ungdomsskulen.
  • jobbar aktivt med å forsterke det gode miljøet på sin ungdomsskule. Dei er med på å krydre kvardagen ved å bidra på forskjellige MOT-arrangement og andre aktivitetar på eller utanfor skulen i regi av MOT.

I Selje kommune skal MOT-elevane saman med elevrådet jobbe systematisk med positive elevaktivitetar i matfriminuttet.

Sist endra 05.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering