Tannhelsetenesta i Selje

illustrasjon tann.png - Klikk for stort bilete Måløy tannklinikk representera Selje kommune si tannhelseteneste.
Dei held til i Gate 1 nr. 107, 6701 Måløy.

Du kan bestille time og kontakte klinikken på 578 52 970

Den offentlege tannhelsetenesta i Vågsøy er organisert under fylkeskommunen som sørgjer for at tannhelsetenesta (og spesialtenester) er tilgjengeleg for alle som bur eller oppheld seg i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen skal gjennom den offentlege tannhelsetenesta både organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga og gje eit regelmessig og oppsøkande tilbod om tannhelseteneste til gitte grupper i lovens § 1-3.

Gruppene som får gratis behandling er:

  • Barn og ungdom 0 - 18 år
  • Psykisk utviklingshemma
  • Eldre langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere

Den offentlege tannhelsetenesten kan i tillegg yte tenester til vaksne betalande kientell etter fylkeskommunen sine bestemmelsar og fastsatte takstar.  

Her finn du prisliste til Måløy tannklinikk

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 07.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering