Turistinformasjon

 

Selje kommune ynskjer å innhente tilbod på drift av turistinformasjonen i Selje kommune 01.04.2014 - 01.04.2016.

Tilbodet omfattar drift av turistinformasjonen og guiding på Selje kloster. (PDF, 138 kB)

Ein tek atterhald om politisk godkjenning av storleik på kommunalt tilskot.

Frist for innsending av tilbod: 12.02.2014 kl. 12.00

Spørsmål om tilbodet kan rettast til Kommunalsjef Bård FlødeBard.flode@selje.kommune.no

Tilbodet sendast: Selje kommune, 6740 Selje eller post@selje.kommune.no

Alle tilbod kan forkastas, dersom oppdragsgjevar ikkje finn konsept og økonomi tilfredsstillande.

Tilbod som kjem inn for seint vert avvist.

Året 2014 startar med ei intensiv arbeidsøkt fra 06.01.14-17.01.14 der målet er å utarbeide eit utkast til kommuneplanen sin samfunnsdel. Som kjent skal ein nytte dei ressursane ein har tilgjengeleg på Kommunehuset og ein meiner difor det er betre å arbeide intensivt i ei periode, framfor å halde på med planarbeidet parallelt med andre oppgåver over lengre tid. Konsekvensen av å prioritere planarbeid fullt ut i dette tidsrommet, er at andre oppgåver må setjast på vent. Det vil difor ikkje vere mogeleg å nå dei tilsette ved Plan og utvikling på telefon i denne perioden, men ein vil vere tilgjengeleg på e-post og svare så snart som råd.

Har du spørsmål om byggsak, send e-post til gry.otneim.leikanger@selje.kommune.no

Har du spørsmål om oppmåling eller spørsmål kring frådeling etter Plan- og bygningslova, send e-post til anja.midttun@selje.kommune.no

 

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering