Publisert 04.06.2010
Freya

Du trudde kanskje at radar på Kjerringa var noko nytt? På slutten av siste verdskrigen var Kjerringa eit svært viktig strategisk punkt for det tyske Luftwaffe, med fleire radaranlegg, radiosamband med fly, radiolinjeutstyr for telefoni og fjernskriver og jagerkontrollsenter!

 

Publisert 27.05.2010
Sunnivahola

Sunnivaleia er ei nyoppretta pilegrimslei frå Kinn til Selja. Begge desse øyane er sentrale i legendene om Sunniva, og det er naturleg å knyta dei saman med ei pilegrimslei. Leia går over sjø og land. Strekningar over sjøen skal føregå med offentleg kommunikasjon, rutebåt og ferje. Ein går heile leia på ei lita veke.
I veka før Seljumannamessa på Selja 4. juli i år, vert det arrangert ei prøvevandring langs leia, med start i Florø måndag 28. juni kl 15. Overnattingar på Kinn, Smørhamn, Dalheim på Bremangerlandet, Ulvesund fyr, Fjordly på Bryggja, Selje.

Publisert 09.04.2010

Utstillinga har utgangspunkt i at Munkeliv kloster på Klosteret (Nordnes) vart oppretta ca. 1100, altså for 900 år sidan, som det første av i alt fem kloster i mellomalderbyen Bergen. Utstillinga vektleggjer Munkeliv kloster spesielt og klosterlivet i mellomalderbyen Bergen generelt. Kvar låg klosteranlegga og kor markerte var dei i bybiletet? Korleis fungerte anlegga og prega livet til bergensarane i mellomalderen? Og kva klosterliv har dagens Bergen? Klosteret på Selja hadde handelshus i Bergen og har fått ein plass i utstillinga.

Velkommen inn i vårt claustrum i overgangen mellom ny og gammal tid! 

Les meir på bymuseet.

Publisert 19.03.2010
Fagmøte i selje

 Det årlege regionmøte mellom Riksantikvaren og fylkeskommunane på Vestlandet vart halde på  Selje Hotel 17.-18. mars med kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune som arrangør og vertskap. Tilstades var  representantar frå  Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bergen Museum og Bergens Sjøfartsmuseum. 

Dette er eit fellesforum for diskusjon og orienteringar om forvaltning, arbeid i felt, informasjon og skjøtsel av kulturminne. Inger-Marie Aicher Olsrud orienterte om Riksantikvarens ruinprosjekt og Berit Gjerland orienterte om kulturminneregistreringa på Selja våren 2009. 

Bjørn E. Jensen frå  Klosterprosjektet orienterte om erfaringar frå skjøtsels- og konserveringsprosjektet på Selja og var guide for ein tur på Selja. Der fekk dei og ei orientering av John Cowell om problematikk og gode løysingar for murverket i middelalderruinar generelt og Selja spesielt. Møtet vart lagt til Selje denne gongen fordi mange hadde ynskje om å få ein ekskursjon til Selje kloster og helgenanlegg. For dei fleste var dette det første besøket på Selja.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering