Tekniske hjelpemiddel

I Selje kommune er ansvaret for tekniske hjelpemiddel delt mellom to einingar – Helseavdeling og teknisk avdeling.

Ergoterapeut, Nina Beate Raad Osmundsvåg er ansvarleg for kartlegging, rettleiing og bestilling av hjelpemiddel.

Tekniske tenester v/ Geir-Ove Liseth er ansvarleg for henting/bringing av store hjelpemiddel og enkle reparasjonar av hjelpemiddel.

Kontaktinformasjon:
Nina Beate Raad Osmundsvåg
nina.raad@selje.kommune.no/ 995 84 661

Geir-Ove Liseth
geir-ove.liseth@selje.kommune.no / 481 41 237

Kven kan hjelpe deg å søke?Teknisk hjelpemiddel - Klikk for stort bilete
Alle som har eit langvarig behov, utover 2 år, kan få dekkja hjelpemiddel gjennom Nav hjelpemiddelsentral. Ergoterapeut i kommuna har god erfaring med å kartleggje, og kan bistå med søknad, vegleiing, oppfølging og opplæring i bruk av hjelpemiddel. Ergoterapeuten kan også bistå med kartlegging av bustad, og vegleiing ved behov for ombygging av bustad.

Har du behov for tilrettelegging eller hjelpemiddel på skulen eller på arbeidsplassen, kan du ta kontakt med lærar, arbeidsgievar eller bedriftshelsetenestene der du jobbar.

Kva kan du søke om?
Det fins inga fullstendig oversikt over alle hjelpemiddel du kan søkje om. Kanskje er det ikkje eit hjelpemiddel du treng, men ein kombinasjon av fleire? Kanskje er det tilstrekkelig å legge til rette for det du allereie har eller brukar, eller få andre tips og råd for å løyse ditt behov. Det finnes eit stort utval av hjelpemiddel og ergoterapeuten kan bistå med å vurdere riktig hjelpemiddel.

Ved behov for hjelpemiddel i ein kortare periode, i forbindelse med operasjon, beinbrot eller lignande, har kommuna eit begrensa lager av hjelpemiddel til utlån. Her er det mogleg å låne følgjande:

  • Dusjstol/dusjkrakk
  • Badekarsete
  • Toalettforhøgar
  • Toalettstol
  • Ganghjelpemiddel
  • Rullestol
  • Seng (akutte behov)


Lista er ikkje utfyllande og lagerbehaldning kan variere avhengig av pågang. Dersom du veit at du skal gjennomgå ein operasjon og vil trenge hjelpemiddel, ta gjerne kontakt på førehand.


Her finn du meir informasjon om korleis du kan søkje om hjelpemiddel 

Her finner du rett skjema når du skal søkje om hjelpemidler


Ved akutt reparasjon av hjelpemidler, meld frå til NAV:
570 16 270 / 991 58 008

Ordninga med akutt reparasjon gjeld alle dagar mellom klokka 08-24,
og omfattar alle hjelpemidler utlånt av NAV som kan sette deg i ein naudsituasjon ved funksjonsfeil eller samanbrot.

Sist endra 23.09.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering