Heimehjelp

Tenesta Heimehjelp -praktisk bistand er ei av fleire typar heimetenester som kan tildelast etter søknad, ut i frå ei fagleg vurdering av brukar sitt behov . Tenesta innheld naudsynt praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål.

Søknadskjema

Gjeldande betalingsatsar

Rehabilitering - Klikk for stort bilete

Ved vurdering av søkjar sitt behov for hjelp, skal dette vektleggast :

  • Om søkjar klarer å utføre oppgåver sjølv, eller ta del i oppgåvene.
  • Om søkjar har ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
  • Om det fører til   konsekvensar for helsa om hjelp ikkje vert gjeven. 

Tenesta er   for personar som har eit særskilt behov  for praktisk hjelp i heimen grunna sjukdom, funksjonshemming, aldersrelaterte plager og liknande.

Enkeltvedtak vert fatta utifrå søkjar sitt behov, og vurdert utifrå anna hjelp søkjar evt. mottek frå kommunen.

Helsenorge.no 

Ansvarleg verksemd : Heimetenestene i Selje kommune.

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Åshild Bruland. Sist endra 11.07.2014
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering