Matombringing
Eldre og andre som permanent eller i kortare tidsrom ikkje er i stand til å sørgje for innkjøp og tillaging av mat, kan kjøpe denne tenesta på produksjonskjøkkenet ved Seljetunet. (57858930)
1. Tenesta kan tildelast som eit ”lågterskel - tilbod” i kommunen etter sjølvkost prinsippet .
Prisliste
2. Tenesta kan tildelast etter søknad og i enkeltvedtak som ei naudsynt omsorgsteneste med heimel i Pasient og brukarrettigheitslova.. Enkeltvedtak vert fatta utifrå søkjar sitt behov, og vurdert utifrå anna hjelp søkjar evt. mottek frå kommunen.
Søknadskjema
Heimetenestene kan levere porsjonar med middag eller fullkost (frukost, middag og kvelds ) etter avtale.
Middagen kan leverast nedkjølt for 1 til 7 dagar pr. levering, eller i oppvarma form dagleg.
Publisert av
Svein Barmen.
Ansvarleg
Åshild Bruland.
Sist endra 11.07.2014
|