PPT

Hender - Klikk for stort bileteHender PPT i Selje skal vere ei rådjevande og sakkunnig teneste for barnehage, heim og skule når det gjeld utvikling, læring og trivsel. PPT hjelper også vaksne med behov for grunnskuleopplæring. Vi skal vere ein fagleg ressurs for barnehagar og skular i tilrettelegginga av opplæringa for barn og elevar med særskilde behov. Arbeidet til PPT er heimla i opplæringslova. 

Kven kan få råd og hjelp hjå PPT
·         Barn under skulepliktig alder med behov for særleg oppfølging
·         Barn og ungdom med særlege behov
·         Vaksne med spesialpedagogiske behov
·         Føresette, skule og barnehage som treng rettleiing i høve barn og unge
·         Skular og barnehagar innan området kompetanse- og organisasjonsutvikling

PPT 1 - Klikk for stort bilete


PPT får dei fleste førespurnadene frå helsestasjon, barnehage og skule, men føresette og eleven sjølv kan søkje om råd og hjelp. Tilvising til PPT som gjeld einskildpersonar skal alltid skje etter samtykke frå føresette.

Behandlingstid
Vi har ingen søknadsfrist. Innmelde saker blir handsama på første inntaksmøte, og innan tre veker vil det føreligge ei tilbakemelding med informasjon om vidare sakshandsaming.

Korleis går du fram ved ønske om hjelp frå PPT
Om du ønskjer hjelp i ei enkeltsak, fyller tilvisande teneste (t.d. skule, barnehage) ut oppfølgings- og samtykkeskjema. Foreldre og elevar over 15 år kan også ta direkte kontakt.

Kontaktinformasjon:
Selje kommune, PPT, 6740 Selje
Servicekontoret: 57 85 85 00
Ingrid Stave (leiar): tlf: 990 18 107

e-post: ingrid.stave@selje.kommune.no

 

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 19.02.2018
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering