Kystgarden Aardalen

Årdalen 2 - Klikk for stort bilete

Garden Aardal vart fraflytta så seint som i 1957 og den ligg veglaus til med utsikt mot klosterøya Selja. Garden Aardal er det vi kan kalle eit typisk vestnorsk gardstun, med historie langt attende i tid. Det som gjer at tunet er så spesielt i dag er at det ikkje har vore maskinell drift i det heile og bygningsmiljø og kulturlandskap er difor svært autentisk.

Frå Skårbø, som ligg 5 km frå Selje sentrum, er det ein kort tur i lett tereng ut til Aardal. Turen er ei oppleving i seg sjølv. Stranda utover er sørvend og lun, noko som pregar vegetasjonen. I fjøra er det fine steinheller, svaberg, kulpar og rullestein.

Vil du vite meir om Kystgarden Aardal kan du gå inn her.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering