Bekymra for kutt i ambulanseberedskapen

ambulanse.jpg - Klikk for stort bilete Selje kommune og kommunestyret er bekymra over Helse Førde sine planar om å kutte i ambulanseberedskapen.

Her kan du lese høyringsuttalen frå kommunestyret.

Uttale frå kommunestyret:

Til Helse Førde v/ adm dir og styreleiar

Ikkje kutt i ambulanseberedskapen i Nordfjord!

Kommunestyret i Selje er sterkt uroa over Helse Førde sine planer om å kutte i ambulanseberedskapen i 2018, og krev at Helse Førde ikkje gjennomfører dei planlagde kutta.

Helse Førde brukar som grunngjeving for framlegget at "mykje ambulanseressursar blir brukt til å transportere pasientar mellom sjukehus".

Vi vil påpeike at dette er ei direkte følgje av ein medviten politikk frå Helse Førde si side om å sentralisere fleire helsetenester som tidlegare vart gjevne på lokalsjukehusa. Når desse sentraliserings-grepa vart gjort, var ein del av Helse Førde sin strategi at dette skulle kompenserast med betre prehospitale tenester og sterk satsing på ambulansetenesta.

Når det no i neste omgang også vert ei nedbygging av ambulansetenesta - fordi Helse Førde må spare inn att ekstra kostnader knytt til sentraliserings-grep Helse Førde har gjort og som utløyser meir ambulanse-transport - så er ikkje dette akseptabelt. Vi krev at Helse Førde held oppe omfanget på ambulanseberedskapen, evt flytter fleire tenester attende til lokalsjukehusa slik at det blir mindre behov for ambulanseressursar til transport av pasientar mellom sjukehus.

Vi opplever at vi no balanserer på grensa av å ha ein forsvarleg samla ambulanse-beredskap i Nordfjord - og at dette mellom anna fører til eit stadig auka press på vår primærhelseteneste og legetenesta i Nordfjord.

Vi krev at Helse Førde tar dette på alvor, og legg foreslåtte kutt i ambulanse-tenesta i Nordfjord vekk.

 

Kommunestyret i Selje, 15. mars 2018

 

Sist endra 21.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering