Bilete frå ryddedugnaden 3. mai

Store mengder med søppel - Selje skule (Selje skule) - Klikk for stort bilete Barnehagar og skular i kommunen deltok på ryddeauksjonen "Heile Norge rydder" den 3. mai. Her kan du sjå eit lite biletegalleri frå dugnaden.

Selje barnehage vil vere med å ta ansvar for framtida vår. Dei var med å rydda torsdag 3. og fredag 4. mai, samt vil barnehagen ha fokus på rydding av plast og diverse framover.

1. til 7. klasse (ca. 85 elevar) frå Selje skule deltok på ryddedagen torsdag 3. mai. Elevane rydda Selje sentrum, bustadområdet, langs vegar og strandrydding i Hamreosen. Rektor Atle Solheim skriv at det var ein stappfull hengar som blei levert inn.

Flatraket skule var òg med på dugnadsauksjonen onsdag 2.mai. Dei ryddar strandområdet på Flatraket og rundt om.

Stadlandet skule har tidlegare i år hatt miljøveke der dei rydda Austmyrfjøra på Drage. Meir om miljøveka kan du lese her.

Barn frå Selje barnehage Ei lita pause - Flatraket skule Elevane rydder - Selje skule Flinke elevar - Flatraket skule Gruppebilete - Flatraket skule Gruppebilete - Selje skule Hengaren snart full - Flatraket skule Ryddebilete - Selje skule Rydding - Flatraket skule Selje barnehage Store mengder med søppel - Selje skule Strandbilde - Selje barnehage Velfortent pause - Selje skule

 

Vi minner om at vi på kommunehuset har kystlotterisekkar til dei som ynskjer å rydde mellom sjø og fjell i kommunen vår. Du er hjarteleg velkomen til å hente så mange sekkar som ynskjeleg! Sekkene kan gratis leverast inn til gjennbruksstasjonen fram til okotober, saman med sekkane følgjer også ved eit lodd. Her kan ein vinne store og små premier!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 07.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering