Bli med på vegen mot ny kommune!

Innbyggjartreff.jpg - Klikk for stort bilete

Laurdag 26. oktober frå 14-16.00 inviterer Stad kommune til innbyggjarfest i Operahuset Nordfjord!
Er du med i eit frivillig lag/organisasjon? Og ønskjer du/de å delta på arbeidsverkstad og/eller stand? Meld deg på her innan 25. okt. innan kl. 12.00
Invitasjon m/ program (PDF, 471 kB)

 

Målet med Innbyggjarfesten er å vise fram dei flotte aktivitetane vi har å tilby i Stad kommune, gje nyttig informasjon, bli betre kjende og ikkje minst ha ei hyggjeleg oppleving ilag!

Våre nye folkevalde vil vere på plass - og du vil få moglegheit til å kome med innspel til kva som er viktig for DEG som innbyggjar i Stad kommune!

Vi inviterer til stands og aktivitetar med lag og frivillige organisasjonar i Selje, Bryggja og Eid, kulturell underhaldning, ope bibliotek, gratis barnekino og kakefest!

Det blir også gratis oppvarmingskonsert med Odd Erik og Line i foaje!

lag og org. som ønsker å delta på arbeidsverkstad og/eller med stand - meld dykk på innan fredag 25. oktober kl 12.00

PROGRAM for dagen
Kl. 11.45-13.45: 
Møtestad Frivillige Stad – Frivilligpolitikk i Stad kommune
Arbeidsverkstad for frivillige lag, organisasjonar og politikarane i Stad. Kinosalen.
Tema: Frivilligpolitisk plattform for Stad kommune i samarbeid med Frivillighet Norge.
Det blir servert lunsj undervegs!
Kl. 14.00- 16.00 Innbyggjarfest med stands, underhaldning, gratis barnekino, opent bibliotek, aktivitetar, kakefest og gratis oppvarmingskonsert med Odd Erik og Line.
Kl. 19.00 – VERE TO - avslutt dagen med nydeleg konsert i Operahuset med Odd-Erik Lote
frå Eid og Line Dybedal frå Selje! Billettkjøp på www.operahuset.no eller ved inngang.
Hjarteleg velkomen til Innbyggjarfest for Stad kommune 2019!

Sist endra 22.10.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering