Brannsjefen åtvarar!

bål.jpg - Klikk for stort bilete

 No er det så tørt i terrenget i heile kommunen at brannsjefen åtvarar mot å fyre opp eld. Sjølv eit kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr på terrenget. Litt vind og ein gneist kan vere nok for tenning.

Før det grøne graset kjem opp er det spesielt farleg med tanke på at elden kan spreie seg fort!

Brannsjefen åtvarar særleg om eingongsgrillar, som kan gløde lenge etter at det ikkje er synleg varme.

Generelt forbod frå 15. april
Frå 15. april trer det generelle forbodet om brenning i eller i nærleiken av utmark i kraft, utan at løyve er gjeve. På grunn av at det er nokre dagar til det generelle forbodet trer i kraft, ser brannsjefen behov for gå ut med denne åtvaringa no.

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 15.04.2019 09:27
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering