Breiband/fiber utbygging på Leikanger

strømkabel.jpg - Klikk for stort bilete I februar i år fekk husstandane på Leikanger tilbod om breiband /fiber. Telenor sine folk gjekk frå hus til hus med tilbod om installasjon og abonnement. Vi har inntrykk av at svært mange har teikna seg og venter no på neste steg.

 

Vi har vore i kontakt med ansvarleg for utbygginga og fått dette svaret:

Prosjektet er hos entreprenør for prosjektering no, og skal etter planen være ferdig prosjektert 30/9.

Det er gjennomført synfaring  i området. Straks prosjektering er godkjent går entreprenør i gang med utbygging. Telenor skriv at det har vore utfordring med å få tak i grave-entreprenør.

Det er veldig mange fiber prosjekt i S&Fj for tida og grave-entreprenør er knapp ressurs.

Telenor vil komme tilbake med meir informasjon etter kvart.

 

 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 19.11.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering