Breibandutbygging i Selje kommune

kabel.jpg - Klikk for stort bilete Orientering  om breibandutbygginga og planane framover.

Sjå oversikt frå november 2018 (PDF, 304 kB)

Generelt 
Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til delar av kommunen, men mange har framleis eit nett basert på ADSL (koparlinjenettet) med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store delar av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er fortsatt  stort. Selje kommune har som mål (kommuneplan/samfunnsdel) å få best mulig breibandstilbod til innbyggjarane i kommunen.
Dette inkluderer og betre mobilnett.
I bygdene våre er det vanskeleg (umulig) å få breibandsleverandørar  til å byggje fiber til husstandane.  Årsak til dette er at det ikkje økonomisk grunnlag for utbygging på mindre plassar. For å bøte på dette har staten dei siste åra sett av midlar som kommunane kan søkje og bruke som anleggstilskot til leverandørar, jfr. Flatraket (privat)  og Borgundvåg.

Nye prosjekt.
I 2016 søkte vi og fekk tilskot til Lesto- Salt og Årvik/Honningsvåg.
Vi har gjennomført anbodsrunder og fått tilbod på nemnde plassar. På grunn av høge kostnader til transportnett til Årvik/Honningsvåg,  må dette prosjektet setjast på vent. Løyvd tilskot til dette området vert og sett på vent.
Vi har søkt på nytt (2017) om tilskot til transportnett og breibandstilbod frå Dalskaret til Ervik. Dersom ja på søknaden,  kan vi og få påkopling  til Årvik /Honningsvåg og gjennomføre utbygginga her.
Under føresetnad om restfinasiering, satsar vi no på utbygging Lesto – Salt, med  oppstart løpet av hausten. Området vert då utvida frå Hamre t.o.m  Rundereim. For å få dette prosjektet og seinare  prosjekt i hamn,  må vi be  husstandane om ekstra brukarfinansiering.  Dette er sjølvsagt ikkje noko vi ynskjer, men ser ingen andre utvegar.  Dette er vanleg opplegg på fleire plassar i fylket og ekstradelen er gjerne kr. 5.000-10.000 pr. husstand.
Kontaktpersonar vil no oppsøkje husstandane og få bindane underskrift på kr. 5000.-.  Pengane vert ikkje kravd inn før utbyggjinga er i gang.
Vanleg etableringavgift for fiber kjem i tillegg.  Leverandøren vil her køyre kampanje på ca kr. 4000.    

Søknader - andre områder.
Vi har  inne søknad om tilskot til Nordpoll- Rundereim- Barmøy  og Kjøde- Sande.  Tettstadane Selje og Leikanger kjem  i utgangspunktet ikkje inn under søknadskriteriane.  Det er likevel slik at utbyggjing nær ein tettstad kan  legge til rette for at leverandørane kan bygge ut på kommersiell basis i tettstaden.

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Reidar Sandviknes. Sist endra 19.11.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering