Bustadfelt i Kjøde

Totalt 10 tomter med rett til kjøp av nausttomt - ledige tomter

Bustadfeltet i Kjøde ligg fint til nær sjøen. Køyrer ein mot Stadt ligg det på høgre side rett etter vegkryss som fører til Selje. Ved kjøp av tomt i dette feltet inkluderer det også rett til kjøp av nausttomt like ved. Kommunestyret i Selje har vedteke at prisen på tekniske anlegg og tomtegrunn skal vere kr. 1,- (K.sak 29/96). Tomtepris her er: * tekniske anlegg inkludert kvadratmeterpris: kr 1,- * asfaltering: kr 10.900,- (vert utført når feltet er utbygd) I tillegg til prisane ovanfor kjem tinglysing-/oppmålingsgebyr og tilknytningsgebyr for vatn og kloakk. For alle prisar gjeld at dei skal indeksregulerast pr. 01.01. kvart år. Nærare opplysningar, skjema, kart og fullstendige prisar får ein ved å vende seg til servicekontoret i kommunen.

Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering