Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Bygdemøte om fiber i ytre

kabel.jpg - Klikk for stort bilete Torsdag 16.11.17 klokka 20.00 blir det arrangert bygdemøte om fiber i ytre, på Stad bygdehus.  

Prosjektleiar Reidar Sandviknes i Selje kommune vil informere om eit pågåande prosjekt som skal sikre bygdene på Ytre Stad eit fullverdig og framtidsretta internett-tilbod via fiberoptisk kabel.

For: Dalskaret, Morkadalen, Dalsbøen, Refsnes, Ferstad, Ervika, Årvika, Honningsvåg.

For at prosjektet skal bli gjennomført, må minst 70 prosent av husstandane bli med. Hytter/fritidsbustader og næringsverksemd er også velkomne til å delta.

I Årvik og Honningsvåg har nærare 100 prosent allereie teikna seg på. Derfor er det kritisk at vi mobiliserer flest mogleg frå Dalskaret og utover, for å komme i mål med heile prosjektet.

Det er spesielt viktig at dei bygdene som ikkje har hatt moglegheit til å melde seg på endå, engasjerer seg no.

Dette er vår store moglegheit! 

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 15.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering