Bygdevandring på Barmen 30. juni 2019

Ferja ved kai i Barmsund 003 - Kopi.JPG - Klikk for stort bilete Søndag 30. juni ønsker BARMEN velkomen til bygdevandring,
aktivitetar og og sosialt samvær i si bygd! 
 

Oppmøte kl 14.00 ved Grendahuset.
 

Barmen inviterer til bygde-bilkøyring med guidar rundt til alle bygdene og kulturminna på øya, ein kan låne sykkel og ta ein sykkeltur rundt Fjellvatnet (ta med hjelm), prøve fiskelukka i vatnet (ta med fiskestang), det blir vandring rundt Fjellvatnet, natursti for born og vaksne på Solstien og topptur til Skjolden 545 moh.

Alle turar er guida og vi opplyser om vanskegrad og tidsbruk.

Oppmøte kl 14.00 ved Grendahuset som ligg idyllisk til oppe ved
Fjellvatnet. Her blir du ønska velkomen og får info. om opplegget
for dagen.

I grendahuset vert det kafé med servering av enkel mat, saft og kaffi. Her kan du også oppleve Barmen sitt bygdemuseum!

Ferja går frå Barmsund kl 13:30. Retur - 16:10, 17:10, 18:40 og 21:05. Tidsramme 2-4 timar. Arr. er gratis og tilrettelagt for både små og store, spreke og mindre spreke!

Alle er velkomne!
stad2020.no for turprogram Stadar i Stad 

Sist endra 28.06.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering