Byggjer ut meir breiband i 2018

Data - Klikk for stort bilete
Det er skrive kontrakt med Enivest AS om å byggje ut breiband i området Lesto-Salt. Avtala opnar opp for at tilgrensande områder som Berge og Rundereim får fibertilbod. Les meir for status på breibandtutbygging i kommunen: 

1. Utbygginga Lesto-Salt skal vere ferdig hausten 2018 og gjev kapasitet opp til 100 mbit/s, samt TV og IP- telefoni. Avtala føreset at abonnentane betaler kr. 5000 + vanleg tilknyting. Mange har forplikta seg til dette.

Status for breiband i kommunen er elles følgjande:

2. Anbod vedk.  Dalskaret – Ervik er lagt ut på Doffin databasen med frist 25.01.2018. I utlysinga er det stilt krav om at eventuelle tilbod på utbygginga må forplikte seg til påkopling til transportnett til Årvik /Honningsvåg. Kapasitet og eigenbetaling som i pkt 1.

3. Det er skrive kontrakt med Enivest AS , som skal byggje ut Årvik /Honningsvåg – men med føresetnad at dei får transportnett  frå Refnes. Kapasitet og eigenbetaling som i pkt 1. Omlag alle i dei to bygdene har forplikta seg til ekstra eigenbetaling. 


4. Selje kommune vil våren 2018 søkje om tilskotsmidler til gjenståande områder i Selje kommune: Nordpoll – til Rundereim, inkl. Barmøy og Venøy - Kjøde  til  Sande – Liset til Skårbø – Drage/Hoddevik, Eltvik. Søknaden vil ha same opplegg  vedk. kapasitet og eigendel som i pkt. 1. I søknaden må vi opne opp for andre løysingar enn fiber på plassar der kostnadene vert svært høge.


5.Selje kommune ynskjer forslag til kontaktpersonar som kan vere bindeledd mellom kommunen og dei aktuelle bygdene i planlegging fram mot søknad og vidare i eventuelle utbyggingar.


6.Dei statleg midlane vi søkjer på, føreset at område med lågast dekning skal prioriterast.  Tettstadane Selje og Leikanger fell såleis utanom kriteria i denne omgang. Utbyggingar kring tettstadane bør likevel påverke leverandørane til å tilby fiber i tettstadane på kommersiell basis.

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 18.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering