Dagtilbod for demente

hender - Klikk for stort bilete

Har du fått ei demensdiagnose, eller er du pårørande til ein dement?

Selje kommune vil iløpet av hausten starte opp med eit dagtilbod til heimebuande demente.

Bakgrunnen er at regjeringa har lovpålagt alle kommunar å ha eit tilrettelagt dagtilbod innan 2015.  Demensplan 2015, "den gode dagen",  er regjeringa sin handlingsplan for å styrke tenestetilbodet til personar med demens. Målsetjinga er å førebu kommunane på å møte framtida sine omsorgsutfordringar.

 Selje Kommune har søkt og fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet til å starte opp eit prosjekt denne hausten. I løpet av sommaren har også formannskap og kommunestyre gitt grønt lys for å setje i gang.

 Prosjektleiar Rita Hatlenes informerer om at kommuna iløpet av hausten vil kunne tilby eit dagtilbod til demente, i tillegg til at det vil bli holde undervisning for pårørande. Kompetanseheving av personalet vil også vere ein del av prosjektet.

 Arbeidet med prosjektet er heilt i startfasa, mykje skal organiserast og på plass. Dette er fyst og fremst ei uformell kartlegging til dei der ute som han tenkje seg å nytte eit slikt tilbod.

  • Har DU fått ei demens diagnose, og føler du treng informasjon og ein innhaldsrik kvardag? 
  • Er du pårørande som begynner å bli utsliten, og treng nokon timar avlastning der din kjære får ein trygg og meiningsfull dag ute av huset? 
  • Treng dokke informasjon om sjukdomen demens, kva rettar ein har, kva hjelpemiddel som finst? 

 Formell søkeprosess til dagtilbodet, og påmelding til pårørandeskule vil bli informert meir om seinare.

Har du spørsmål om prosjektet så ikkje nøl med å ta kontakt J

 Rita Hatlenes-   57 85 85 00

 Ta kontakt så vi veit dokke finnes !

Publisert av Rita Helen Hatlenes. Sist endra 23.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering