Deltar i kartleggingsprogram for skrantesjuke

Viltressur.jpg - Klikk for stort bilete

Selje kommune skal delta i kartleggingsprogrammet for skrantesjuke og i 2018 skal 30 000 hjortedyr i Noreg testast for skrantesjuke. Det inneber at ved årets jakt skal alle hjortedyr over to år takast prøve av og desse skal sendast inn til analyse.

Selje kommune skal arrangere møte/kurs for valdleiarar og jegerar om emnet i veke 33 eller 34. Tidspunkt for møte vert annonsert om kort tid.

 

Kartleggingsprogrammet for skrantesjuke skal bidra til å auke kunnskapen om førekomsten av sjukdomen i Noreg og du kan lese om kartleggingsprogrammet på http://www.hjortevilt.no/ og http://www.hjortevilt.no/wp-content/uploads/2018/05/veiledningtiljegereskrantesjuke2018.pdf 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.08.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering