Det nye kommunehuset er offisielt opna
I dag 22.mars 2012 vart det nye kommunehuset offisielt opna av Ordførar Ottar Nygård
Han kunne ynskje velkomen til eit nytt administrasjonsbygg som samlokaliserer heile administrasjonen i Selje kommune. Ein er flytta inn i nye og tidsrette lokale i det Gamle skjortefabrikkbygget på Nabben. Det har vore ein hektisk og krevande periode å flytte samstundes som å halde drifta gåande. Alle har ytt sitt beste, og ein skal no vere godt rusta for å yte tenester til innbyggjarane
Publisert av
Svein Barmen.
Sist endra 26.03.2012
|