Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire møteplassar i nærnaturen. Møteplassane vil auke folkehelsa, gje læring, skape meistring og spreie smilande naturglede. Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universelt tilrettelagt.
Lokale lag og frivillige organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass.
Velkomen til heimesida http://www.naturmoteplass.no/draumeplassane
Her finnast meir informasjon om konkurransen, søknadsskjema, mal for skildring av naturmøteplassen, mal for budsjett og kriterie for vurdering av søknaden.
På heimesida kan de også laste ned ferdige byggjepakkar som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.
Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.
4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og håpet er at konkurransen vil verte nasjonal.