Dronning Sonja kjem til Selje

Dronning Sonja.jpg - Klikk for stort bilete Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff. Selje kommune får i sommar besøk av H.M Dronning Sonja i samband med feiringa av 950 års jubileum for Bjørgvin bispedøme. 

Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

Selja bispedøme vart oppretta som ein av 5 bispedøme i 1068 og hadde sitt sete på øya Selja i Selje kommune. I 1170 vart bispedøme flytta til Bergen.
Selje kommune og kyrkja den Norske har hatt ønske om å markere 950 års jubileum på ein høveleg måte sommaren 2018 og derfor er det svært gledeleg at H.M Dronning Sonja besøker oss denne dagen.
 
Feiringa vil finne stad i samband med den tradisjonelle Seljumannamessa som vert arrangert kvart år på Seljeøyna den næraste søndagen til 8. Juli.
 
Selje kommune er svært takksame for besøket, og Selje kommune og eg som ordførar ser fram til å vere vertskap og vise fram den flotte kommunen når Dronninga kjem til Selje.
Selje kommune og komiteen for Seljumannamessa vil legge opp til eit variert og godt program i tillegg til den tradisjonelle gudstenesta på klosterøya.

Programmet for Dronninga sitt besøk er ikkje klart, og vil bli kunngjort på eit seinare tidspunkt.

Sist endra 20.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering