Eigedomsskatt 2018 i Selje kommune

Natur og miljø - Klikk for stort bilete Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagemoglegheiter vedr. Skatteetatens bustadverdi finn du på www.skatteetaten.no eller telefon 800 80 000. 

Her kan du sjå skattelisten for 2018 (PDF, 495 kB)

Kunngjering om utskriving av eigedomsskatt etter Lov om eigedomskatt til kommunane av 6. juni 1975, nr. 29.

Etter vedtak i kommunestyret 14.12.2017 er det skrive ut eigedomsskatt i Selje kommune for 2018 med 4 promille.

Skattelista vert i medhald av § 15 i lov om eigedomsskatt utlagt til ettersyn på servicekontoret i kommunehuset og vedlagt i denne artikkelen fram til klagefristen er ute.

Det er sendt ut skattesetel for eigedomane til den enkelte eigar.

Frist for eventuell klage på utskriven eigedomsskatt for 2018 er 15. april 2018.
Eventuell klage må vere skriftleg og sendast til post@selje.kommune/ Selje kommune, 6740 Selje.
Dette gjeld berre eigedomar som har fått utskrive eigedomsskatt etter kommunal taksering.

Klagefristen for eigedomar med takst berekna frå formuesgrunnlag motteke frå Skatteetaten er 6 veker frå skattelista er kunngjort.
Dersom du meiner at Skatteetatens formuesverdi er feil, må du kontrollere opplysningane Skatteetaten har om din bustad: Primærareal (P-areal), byggjeår samt bustadtype.
Disse faktaopplysningane finn du under «grunnlag for likningsverdi» i skattemeldinga for 2016.

Dersom opplysningane om din bustad er feil, må du sende klage til Skatteetaten.
De gjeld også dersom du meiner at bustadverdien er for høg i forhold til antatt marknadsverdi.

Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagemoglegheiter vedr. Skatteetatens bustadverdi finn du på www.skatteetaten.no eller telefon 800 80 000.


Eigedomsskattekontoret
Selje kommune

 

 

Sist endra 23.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering