Eigedomsskatt

Hus - Klikk for stort bilete

 

Selje kommune har den 30 juni 2015, skrive ut eigedomsskatt for alle bustadeigarar i kommunen. Skattelister for offentlig ettersyn kan ein gå gjennom på Servicekontoret i Selje kommune, der desse er lagde ut. 
Dersom spørsmål, kan ein sjå vedlagde dokument "Rammer og retningsliner for verdifastsetting/taksering av eigedomar i Selje kommune med verknad frå 1. januar 2015 (PDF, 217 kB)". Denne omhandlar alle eigedomar som har vore taksert ved alminnelig taksering.

Vidare er det lagt ut 3 sonekart som syner grensene for sone 1 i Leikanger (PDF, 81 kB)Selje (PDF, 62 kB) og Flatraket (PDF, 178 kB). Dersom du meiner at skattetaksten er feil, må dette grunngjevast i skriftlig klage til: Selje kommune v/ eigendomskattekontoret, 6740 Selje.

For eigedomar der skattetaksten er henta frå Skatteetatens sitt formuesgrunnlag, er det Skatteetaten som er rett klageinstans. Ein syner til skattesetelen som er send ut til alle bustadeigarane, der det går fram om bustaden er taksert med alminnelig taksering, eller det er nytta Skatteetatens formuesgrunnlag.  

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 03.12.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering