Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Endeleg er det klart for bygging av Stad skipstunnel

Innside.jpg - Klikk for stort bilete Kystverket/ Snøhetta

Høgre, Framstegspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029. Den totale kostnaden er på 2.699 millionar kroner. Det er sett av 1.504 millionar kroner 1. periode og 1.196 millionar kroner i 2. periode. Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert!

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 02.03.2017

Frå pressekonferansen som var på hurtigbåtkaia i Selje torsdag 2.februar:

I fleire tiår har det vore jobba målretta for å bygge Stad skipstunnel. No blir dette ein realitet takka vere regjeringspartia Høgre og FrP og samarbeidspartia KrF og Venstre. Stad skipstunnel vil bli verdas første skipstunnel. Den vil gje trygg reise forbi Stad, legge til rette for næringsutvikling og regionbygging og bli eit turistmål i verdsklasse. Den vil også det vil legge til rette for å få meir transport frå veg til sjø, noko som også er ei målsetting for regjeringspartia og samarbeidspartia. Dette er ein historisk dag! 
Bjørn Lødemel (H)

Eg er glad for at Stad skipstunnel no endeleg vert realisert. - Det har over fleire tiår vore gjeve politiske løfte om at skipstunellen skulle bli ein realitet, utan at verken planar eller pengar har vore på plass. No seier FrP/Høgre regjeringa, saman med samarbeidspartia, at tida for politiske løfter er over, no er det tid for å innfri. Sogn og Fjordane FrP har hatt skipstunellen som sin hovudprioritet i våre innspel til Samferdsledepartementet og FrP sin transportfraksjon på Stortinget. Det er svært gledeleg at vi er lytta til og at vi får oppstart så snart alle planar og anbod er på plass.
Lars Svein Drabløs (Frp)

Det blir stadig tøffare kamp om samferdslemidlane, og Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år. Eg er difor veldig glad for at vi omsider har klart å skjere gjennom. No kjem tunnelen, og gir heilt nye moglegheiter for både næringstransport og passasjertrafikk. Vestlandskysten blir omsider knytt ordentleg saman, uavhengig av vêr av vind. I dag heisar vi flagget på kysten!
Sveinung Rotevatn (V)

For ein som har vakse opp på kysten og opplevd både uver og farlige situasjonar er det ekstra stort å oppleve at vi no får gjennomslag for vår førsteprioritet, Stad skipstunnel. Med prosjektet på plass knyter vi kysten saman og gir området endå ein kvalitet av internasjonal standard. Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å satse på kysten!
Tore Storehaug (Krf)

Innseiling-fra-Moldefjorden.jpg - Klikk for stort bilete Kystverket/ Snøhetta

Kartskisse.jpg - Klikk for stort bilete

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering