Felles personvernombod i Nordfjord frå 1. mars 2019

Hans Thomas.jpg - Klikk for stort bilete Det er oppretta felles personvernombod for Nordfjord.
Personvernombodet skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarar vert behandla i tråd med regelverket og god praksis

 

 

 

Personvernombodet skal mellom anna bidra til at verksemda

  • Informerer om kva type personopplysingar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysingane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysingane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysingane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysingar om før opplysingane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysingar når det ikkje lenger er behov for desse.

Eit personvernombod er ein ressursperson som skal styrke kommunen sin kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleiar kommunen slik at personopplysingar blir behandla på ein god måte og i tråd med regelverket. Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonssikkerhet. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting, til avviksmeldingar og personopplysingar på avvege. Personvernombodet har teieplikt og skal fungere som ei uavhengig rolle i kommunen. 
 

Fullstendig kontaktinformasjon til personvernombodet
Hans Thomas Solheim
Eid Kommune
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Tlf: 95 85 33 19
E-post: Personvernombod@IKTNordfjord.no

Sist endra 08.03.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering