Fjordvarme i Selje, Leikanger og Flatraket?

Invitasjon til informasjonsmøte 2.september kl 1600

Er det fornuftig å satse på bruk av fjordvarme i Selje?

Fjordvarme AS gjennomfører no ei utgreiing på oppdrag av Selje kommune.

Områda som skal vurderast er Selje, Leikanger og Flatraket. Her vert det gjennomført ei kartlegging av kommunale bygg der fjordvarme kan vere aktuelt, både til oppvarming og kjøling.

Skjermbilde.PNG - Klikk for stort bilete

 

 

Private bygg vil få tilbod om å knyte seg til, dersom utbygging av fjordvarmeanlegg vert igangsett.

Tilbakemelding om interesse for fjordvarme i private bygg er viktig for å avklare omfang og økonomi. For nærare informasjon og dialog om dette, vert eigarar av bygg, tomter og utbyggingsområde invitert til eit ope informasjonsmøte i kommunehuset på Nabben måndag 2. september kl 16.00.

Vel møtt!

Sist endra 09.07.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering