Flatraket skule inviterer til jubileumsfest

invitasjon flatraket skule 60 år.jpg - Klikk for stort bilete Torsdag 4. oktober inviterer Flatraket skule til 60års jubileumsfest frå kl 17.30. Det vert servering og felles samling i gymsalen.

Alle bygdefolk, tidlegare elevar og tilsette er velkomne til 60-års markering av Flatraket skule. Vi startar med felles samling i gymsalen, før elevar og lærarar gjennomfører ein undervisningstime i klassa. Då er alle som vil, velkomne inn i klasseromma for å sjå og delta i det som går føre seg der.

Program:

Felles oppstart i gymsalen kl 17.30

Opning v/ skulekoret og rektor. Tidlegare rektorar og ordførar har ordet.

Kafè i matsalen frå ca. kl 18.00 (Inntekta går til FAU)

Når det ringjer inn:
Elevar og lærarar går til klasseromma sine. Alle gjestar er då velkomne til å sjå korleis det er å vere elev og lærar på Flatraket skule i 2018.

Velkomne!

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 01.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering