Folkemøte og lokal høyring - Vassområde Nordfjord

Kvernhus - Klikk for stort bileteKvernhus Torsdag 12.12.2013 kl 19.00 på kommunehuset 3. etg.

Ver med å påverke korleis vi skal ta vare på vassdrag, kystvatn og grunnvatn i Selje kommune!

Vatn er til for alle, og alle har rett til å seie kva dei meiner om tilstanden i vatna og kva som bør gjerast for å få reinere vatn.

Prosjektleiar Staffan Hjohlman i Nordfjord vassområde vil orientere om arbeidet som skal leie fram til forvaltningsplan for elvar, innsjøar, fjord, kyst og grunnvatn i Nordfjord.

Enkel servering. Vel møtt.

 

 

 

 

Utkast til lokal tiltaksanalyse for vassområde Nordfjord vert no lagt ut på høyring, med høyringsfrist 10.januar 2014. Alle har høve til å kome med innspel og spørsmål.

Tiltaksanalysen er eit innspel til den regionale forvaltningsplanen for vassregion Sogn og Fjordane. Denne skal ut på høyring 1. juli 2014. Forvaltningplanen vil gjelde for perioden 2013-2021.

Tiltaksanalysen vil bli oppdateret under vegs i høyringsperioden.

Høyringsinnspel vert å sende til:

Prosjektleiar Staffan Hjohlman: staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no

Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Gloppen

Tlf: 90 40 26 61

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 09.12.2013
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering