Folkemøte om marine verneområde på Stad

Kveld på Stad - Klikk for stort bilete

I samband med start på arbeidet med marint verneområde kring Stad og i Dalsfjorden, blir det arrangert folkemøte i Stadlandet Grendahus onsdag 6. desember klokka 19.00.

Oppretting av marine verneområde er eit ledd i arbeidet med å verne eit representativt utval av norsk natur for komande generasjonar.

Føremålet med oppstartmeldinga er å gjere planarbeidet kjent og invitere alle partar til å delta i den vidare prosessen med å lage eit høyringsutkast til verneområde. Arbeidet skjer i medhald av naturmangfaldlova § 42, og på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Dei to områda det gjeld er:
•Dalsfjorden (ca. 11 km2, kommunane Gaular, Fjaler og Askvoll)
•Stad (ca. 114 km2, Selje kommune)

Innspel til oppstartmeldinga kan sendast til Fylkesmannen, og frist for innspel er 15. mars 2018.

Les meir om marine verneområde på Stad på Fylkesmannen si heimeside.

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 08.12.2017 12:26
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering