Folkemøte - Stadutvikling Leikanger - 18.mars 2019

Kommunevåpen veldig liten - Klikk for stort bilete Måndag 18. mars kl 18.00 vert det folkemøte i Stadlandet grendahus. Selje kommune inviterer til opent folkemøte med presentasjon av kommunen sitt utkast til stadanalyse av Leikanger som Nordplan har utarbeidd, samt diskutere forslag og innspel til sentrumsutviklinga.

Folkemøtet er meint for å gi befolkninga informasjon om status i prosjektet, den vidare prosessen og dei rammebetingelsane som ligg føre. Du kan ved denne anledninga vere med på å utvikle og komme med idear og tankar for vidare utvikling av sentrum på Leikanger.


Det vil bli enkel servering.
Alle er hjarteleg velkomne til ein prat om sentrum si notid og framtid.

 

Sist endra 12.03.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering