FORBOD om ferdsle i Flatholmen naturreservat

Flatholmen - Klikk for stort bilete I tida frå og med 1.april til og med 31. juli er det i reservatet forbod mot ilandstiging og ferdsel på alt landareal, inkludert øyar, holmar og skjer, og i ei sone ut til omlag 50 meter frå land.

Flatholmen har vore blant dei mest verdfulle hekkeområda i fylket – med både mange hekkande artar og relativt mange reir. Men det var ein viss nedgang der for måseartane i 2013 og 2014, som elles i fylket. Ved sidan av dårleg næringstilgang (som er felles for heile Vestlandet) er det største problemet på Flatholmen at folk går i land i hekketida.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23 er øya Flatholmen og omliggande sjøareal, i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 28. mai 1993 under namnet Flatholmen naturreservat.

Føremålet med vernet er å gje sjøfuglane gode og trygge livsvilkår, og å ta vare på ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv.

I tida frå og med 1. april til og med 31. juli er det i reservatet forbod mot ilandstiging og ferdsel på alt landareal, inkludert øyar, holmar og skjer, og i ei sone ut til omlag 50 meter frå land. Båtcamping og sportsdykking i 50 m sona, camping, teltslåing og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Anja Midttun. Sist endra 18.06.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering