Foredrag - Korleis kan du førebyggje seksuelle overgrep mot born

smiso-hamar-logo.png - Klikk for stort bilete Foredraget vert avlyst på grunn av for lite påmeldte til at SMISO kan stille. Det kjem til å bli satt opp eit nytt arrangement i september/oktober på ettermiddagen og vi håpar fleire melder seg på då :)

Smiso (senter for incest og seksuelle overgrep) kjem til Selje torsdag 20. juni kl 12.00 og held foredrag om korleis vi som foreldre kan bidra til å førebyggje dette store folkehelseproblemet.

Påmelding til hanne.kristin.teige@selje.kommune.no gjerne innan fredag 7. juni

Meir informasjon om foredraget

Visste

              Du at ;

I dag er seksuelle overgrep mot born eit av Norges største folkehelseproblem.

Før barnet ditt er 18 år er det 20 % risiko for at han/ho har blitt utsett for ei eller anna form for seksuelle overgrep. Dei fleste overgrep vert utført av nokon som barnet kjenner til og har tillit til.

DU kan førebyggje dette ved å tidleg snakke med DITT barn om;

Kroppen din er din og du bestemmer over den.

Ingen har lov å gjere noko med kroppen din som du ikkje vil.

Gode og Vonde følelser.

Når får du gode følelser? Når får du vonde følelser? Glede seg til bursdag, vere i bursdag, nokon seier noko fint til med vs få kjeft, nokon seier noko stygt til meg.

Gode og vonde berøringer.

Stryke på kinnet, klem, klø på ryggen vs slå, knipe, lugge.

Gode og vonde hemmeligheter.

Gje eksempler på gode og vonde hemmeligheter. Gode hemmeligheter kan du bære på, vonde hemmeligheter MÅ du fortelje til ein trygg vaksen. 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 13.06.2019 10:59
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering