Førehandsrøysting for innbyggjarane i Honningsvåg

Fotograf: sb
Redningskøyta Haldan Grieg fotograf sb
Fotograf: sb
Valmateriellet vart lasta ombord fotograf sb

Det var arrangert førehandsrøysting for Kommunestyre, Fylkestinget og Kyrkjevalet for innbyggjarane i Honningsvåg torsdag kveld 08.09 frå klokka 1900. Røystestad var skulehuset.

 

På grunn av vegstenging i Kleiva, og at det var usikkert om når tid vegen vert opna att, vart det  arrangert førehandsrøysting i skulehuset. Valmateriellet vart sendt ut med Redningskøyta som gjekk frå Borgundvåg klokka 1530. I Honningsvåg var representantar frå Røystestyret på Ytre stad på plass og tok imot røystene. Dette var ei heilt ekstraordinær førehandsrøysting, slik at alle som var i bygda med røysterett vart oppringde og orienterte, og dei møtte fram.

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 09.09.2011
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering